Ulrikken tunnel er den fysste tunnelen ein møter på toget frå Bergen til Oslo. Nokon har hevda at det er 25 tunnelar frå Bergen til Voss. Uansett var eg gjennom den fysste. No skein sola og eg fekk tilbake dei heltemodige tankane som hadde prega mitt hovudet etter at den siste sida av hovedfagsoppgaven var printa ut (for minst sekstiande gang).
Foran meg ventet en helt annen kvardag. Ikkje hadde eg jobb å reisa til, og med eit rom på 6 kvadratmeter var det kun plass til ei seng og bøkene mine. På den andre sidan hadde eg ein plass å bu, det i motsetning til mange andre, og Oslo var utan tvil den beste plassen å søke lykken som nyutdanna akademikar. Nei, det var ikkje slike ting som plaga hjernecellene mine mest. I staden var det tanken på korleis kvardagen kom til å bli i Oslo.